Til Sæthers


Ja, me er i live!
juni 21, 2007, 12:22 pm
Filed under: Uncategorized

… sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut på bloggen vår! Her har vore liten aktivitet i det siste! Ikkje kan eg skulde på Facebook heller, slik eg føler alle andre bloggarar gjer. Det er mykje som skjer/har skjedd i livet Til Sæthers. Her kjem ei lita oppdatering:

– Rune har fått jobb på ein ungdomsskule på Hamar! Det vil seie, litt utanfor Hamar. Han må pendle 1,5 mil kvar veg, men det gjer ingenting sidan

– me har fått ny bil! Me er no lukkelege eigarar av ein metallic blå Renault Laguna 2003 modell. Den har skinnsete, aircondition og cruisecontroll. Det den ikkje har, er nøkkel! I staden skal me putte inn eit kort og trykke på ein knapp. Fancy! Det går nok endå ei tid før mor vil låne bilen vår=)

– Fiestaen, òg kjent som «Rotta» (Les: Mainy) har fått dødsdomen. (Les: EU-kontroll) På tide med ny annonse på finn.no: «Selges som den står.»

– Me bur i eit flyttelass. Pappesker frå golv til tak i heile leiligheita, og Rune et graut i ein kopp fordi eg har pakka dei djupe tallerkane.

– Me er blitt huseigarar! (Og gjeldslavar med det same…) Tusen takk til alle som har vore med å bedd om at det må ordne seg med hus for oss! Gud ordna det i siste sekund; forrige onsdag. Me er no lukkelege eigarar av halvparten av ein tomannsbolig på Ridabu. Me har eigen terasse, hage, garasje og ripsbærbuskar! Kjøkenet har akkurat same farge som der me leiger no; BONDERAUDT, men no skal det malast! Me kan boltre oss på 115 kvadrat, og då er det på tide med familieforøkning:

– Me skal få oss katt! I salgsmeldinga på huset vårt står det: Dyrehold er tillatt. Eg jubla og Rune sukka. Men dette er opp og vedteke, og Ingebrigt er ankomen i Kvinnherad! Så då er det berre å skaffe ei vanntett eske å ha i nye-bilen til Hamar=)

– Rune har sin siste dag på Møre ungdomsskule i dag, og eg har ein leir att, og så er tida vår på Sunnmøre over. For denne gong. Eg har allereie fått eit oppdrag på kalendaren min i november; Då skal eg ha bibeltimar på Krasp. Sa eg at eg halvvegs inviterte meg sjølv?  

Elles nyt me sommaren på Sunnmøre! Det har gått med nokre pakkar vann-is=) Sei ifrå om de har lagt ferien om Austlandet i sommar, då er de velkomne på kaffi, is og jordbær hjå Sæthers på Ridabu. Og sei endeleg ifrå om du skulle vere interessert i ein Fiesta «slik den står»…

Nyt sommaren, og Guds fred!

ymse-130-custom.jpg Badenumfa Rune drøymer nok om bading på like kvite strender som det var på Kreta. Skal tru.. ?

2-custom.jpg

Me skal nyte ein sommar utan bryllaupsnerver, kakebaking og taleskriving. Men me skal feire eitt års bryllaupsdag 22. juli. Den blir feira på Brandøy saman med dei fine ungdomane i Kairos som er på KUL-turnè. For ei flott ramme på det best i livet mitt! Takk for snaaart eit fantastisk år som kona di, Rune!



Ut på tur
mai 7, 2007, 11:27 am
Filed under: Uncategorized

Rune-min og eg har starta noko nytt: «Gry og Rune Sæther talar og syng på møte». (Lurar du på kven som gjer kva? Ikkje eg..) 1. mai skulle eg på basar i Sylte i Vanylven, og sidan Rune hadde fri, såg eg moglegheita for ein rundtur på Søre Sunnmøre. Det som var ekstra kjekt var at Mainy Os, òg kjent som Ole Os sitt kne, ville bli med på tur. Difor starta me allereie mandag ettermiddag. Me køyrde i nydeleg ettermiddagssol, og me fekk like nydeleg ver heile 1. mai. Me overnatta i barndomsheimen til Ole på Slagnes, så der fekk me bli kjent med far Henning Os og bror Svein Helge. Veldig triveleg! SH blei vår personlege guide då me la ut på tur til Stadlandet 1. mai. Me køyrde att og fram og inn og ut av fjordar og viker på Stad. Gjett kven som alltid hang eit par meter bak? Fotografen vår Rune=) Han hadde ein topp dag i fin-veret, og no har han fått mange fine bilete å leggje ut på Photosight. Følg med, følg med!  

april-07-037-custom.jpg

Nydelege Hoddevik, òg kjent som kjent surfe-paradis utan mobildekning.

april-07-035-custom.jpg

Når ingen andre vil ta bilete av oss, så må me gjere det sjølve=)

april-07-036-custom.jpg

Her hadde Mainy og eg oss ein foto session! Welcome to Hoddevik!

april-07-040-custom.jpg

I går var radar-paret Sæther på tur igjen. Då skulle eg tale på Misjonssalen i Molde, og Rune blei spurt om å synge. Det var eit veldig kjekt møte, og ein fiin dag! Me fekk nemleg ein skikkeleg helaften på andre sida av Molde-fjorden! Me starta kl 1100 få Ålesund for å rekkje middag med familien Lindseth i Malmefjorden kl 1300. Der fekk me nydeleg hjortesteik, og me koste oss i selskapet med Jon Arne og Anne, Ane Marta, Ole Johannes og Sigrid Lise. Ole Johannes er ihuga 5 Staute-fan, så det var nok stort å få ein av dei staute på besøk i si eiga stove=)

Me rakk såvidt vårt eiga møte kl 1700, (ouh, det gjekk bra!), og etter møte vart me med heim til Tante Bodil og Onkel Kjell i Nordbyen. Der fekk me ekte kveldsmat med nybakt brød (så flink skal eg òg bli ein gong), og me fekk helse på Russe-Thomas og Tante Inger Marie som kom frå Surnadalen. Me kom mette og gode heim etter ein lang og innhaldsrik dag i Molde. Eg hadde nok ein liten klump i halsen, for dette var nok siste gong eg var på den sida av fjorden i jobbsamanheng, og det synes eg er litt trist. Men, men, me gler oss til nye oppgåver på Hamar med tid og stunder=) Takk til Fam. Lindseth og Tante Bodil og Onkel Kjell for god mat og godt stell i dei gode heimane dykkar! Me fekk treffe nokre gode førebilete i går=)

mai07-029-custom.jpg

Familien Lindseth: Farfar, pappa Jon Arne, mamma Anne, Ane Marta, Ole Johannes og Sigrid Lise.

mai07-030-custom.jpg

Sigrid Lise og eg er gode vener!

mai07-033-custom.jpg

I Malmefjorden fann eg nokon som ville sjå på brylaupsbilda våre, og det syntes eg var veldig kjekt! Sigrid Lise snudde seg kvar gong det kom kysse-bilete, så ho gjekk glipp av ein del=)



Rune-min 32 år!
april 20, 2007, 7:08 am
Filed under: Uncategorized

                                               img_70641-custom.jpg  

                                        Min kjære Rune har bursdag i dag, 20. april!

(Same dag som Hitler, om du ikkje visste det, men ingen samanlikning her;)

I dag var eg oppe før 0645 for å lage frukost til Rune. Han fekk frukost, pakke og levande lys på senga=) I fjor var Rune i Bergen på bursdagen sin, og eg var i Ålesund, så då var det litt vanskeleg å lage dagen spesiell. Difor måtte eg ta i litt skikkeleg i år!

Rune får kanskje det største bursdagsselskapet sitt nokon gong, for me reiser på Kairos i dag, øvingshelg med Krinsungdomskoret vårt. Det blir gøy!

Elles tjuvstarta me litt i går, med bursdagsselskap i heimen vår. Me feira saman med Maria og Arve og Marianne og Hallvard. Det var veldig koseleg å feire saman med gode vener!

Eg spurde Rune kva kake han ville ha, og då sa han sjølvsagt MARSIPANKAKE!! Det har eg aldri laga før, men sidan eg er så ivrig på å vere ei god husmor og supermamma, så måtte eg no berre prøve. Så eg har kjevla marsipan og piska krem, og til og med dunka botnen i melk, for det skal ein visst gjere! Men botnen kjøpte eg på bakeri=) (Rune sa eg fekk lov til det) Nemnde eg at eg laga sjokoladekake òg? Berre i tilfelle marsipankaka ikkje vart god…

 0608111124_torgersencdcover1.jpg 

Om du lurar på kva ein skal gje ein gut/mann i sin beste alder, så kan eg gje deg eit tips! Ein kveld Rune og eg var heime åleine, kosa me oss med utdrag frå ein konsert i Utstein Kloster. Det var Kjell Inge Torgersen som framførte kjente STING-låtar på nynorsk, og det var berre heilt fantastisk fint! Nydeleg poesi! Heldigvis er songane òg å få tak i på cd, så no har Rune fått dei som ei kjærleikserklæring frå meg=) (+ meir brukarvenlege ting, som eit par boxerar og lommebok=) Ekteskapet er ikkje berre forelsking og rosa skyer, men tøff kvardag!

Her følgjer eit knippe bilete av pusen min. Rune; du er ein fantastisk mann å vere gift med! Eg gledar meg over kvar ny dag saman med deg! Takk for at eg får vere di!

img_7239-custom.jpg Rune-min på fjelltur i Kvinnherad

gry-og-rune-166-custom.jpg På ein av mange bilturar langs Vestlandet, Kvinnherad/Bergen – Ålesund

ymse-053-custom.jpg Vår nye heim i Ålesund. Det første som må opp er TV og anlegg. Eg tenkte no meir på at me måtte ha noko å ete på og med, osv. Men der tenker visst menn og kvinner ulikt.. =)

 ymse-151-custom.jpg Rune blir ALLTID teken opp når ein skal ha nokon med på ein leik eller til å vise noko. Her er det Grete Martinsen som brukar Rune til å vere den sjuke mannen ved Betesda-dammen. Frå Misjonssalen i november.

gry-sitt-kamera-106-custom.jpg Julefest i Misjonssalen.

bilde-122-custom.jpg  Frå dagen i vårt liv. Du og eg, Rune=)



Vår påske
april 9, 2007, 7:45 pm
Filed under: Uncategorized

Så var påska over.. Tida går så fort, og no kjem ho berre til å gå endå fortare, for no kan me ikkje seie «det er ikkje før etter påske» lenger.. Snart er tida vår på Sunnmøre over! For denne gong=)

_mg_8479.jpg Fam. Sæther på skitur.

Me har hatt ei utruleg fin påske! Palmehelga hadde eg fri, så då pakka me Fiestaen og køyrde nordover til Surnadalen. Jada, ein får plass til to par ski og ei skuffekake i ein Fiesta! I Surnadalen koste me oss med sviger/foreldre, søsken og nevøen vår Martin! Eg fekk innvia dei nye skia mine òg, det var stas! Elles gjekk det meste av tida med til å spele Setlers! Eg vann! Twice!

_mg_8454.jpg Tante Gry og Martin.

Resten av påska har me vore på Familieleir på Vestborg! Me har hatt nokre utruleg fine dagar, frå Skjærtorsdag til 1.Påskedag. Det er mi tredje påske på Stranda, og denne leiren blir berre betre og betre! Rune og eg hadde andaktar, leia samlingar og arrangerte ski-konkurransar og tråkka løyper. Elles fekk me øve oss på foreldrerolla på mange måtar. Rune brukte nok mest tid på å knipse bilete av smårollingane, medan eg fekk prøve meg på mating og trøsting og bæring. Ein får eit ganske godt innblikk i korleis det er å vere småbarnsforeldre når ein vaknar til skriking før 0800 om morgenane og får overvære tre måltid/mating om dagen. Men ingen skal seie at me ikkje kosa oss med dei små! Eg fekk iallefall mange nye vener på Familieleir!

_mg_87960.jpg Leif Gunnar med sin lille solstråle.

Eitt av høgdepunkta på leiren var då Rune og eg skulle leie leirkvelden laurdag kveld. Eg reiser mykje på leir, og eg brukar som oftast alltid å vere leirsjef. Når eg lagar ansvarsfordelinga er det første eg gjer å gje ansvaret for leirkvelden til nokre andre. Det er det verste eg gjer, å lage sketsjar og leikar og prøve å vere morosam. Men Rune er ein av dei eg brukar å gje ei slik oppgåve vidare til, så eg tenkte at det skulle no gå greitt å ha ei slik oppgåve. Og når ein ikkje er leirsjef sjølv, så må ein jo berre ta dei oppgåvene ein får. Det morosame var jo at eg hadde skrive opp programmet i BOKA mi. (Viktig med god notatbok for ein som er perfeksjonist. Der er alt skrive med blyant, slik at eg kan viske ut om det vart feil!) Eg hadde skrive opp leikane me skulle ha, kven som skulle vere med og kva me trong til kva leik. Rune hadde nok ikkje tenkt så mykje på denne leirkvelden i det heile tatt, slikt kan ein vel ta som det kjem?? Me skulle ha ein leik der nokre jenter skulle få kaste cheesdoodles i ansiktet på faren sin. Rune skulle spraye barberskum i ansiktet på fedrene, og så var det om og gjere for jentene å få flest mogleg doodles til å henge igjen i fjeset. Alt låg til rette for ein morosam leik. Det var berre det at då Rune skulle spraye Øystein Engås i fjeset, så kom det ikkje noko skum, berre godluktane spray. Jepp, Gry hadde kjøpt aftershave deodorant, og ikkje barberskum.. Ikkje lett for meg å vite korleis barberskum ser ut vel?? Heldigvis vart leiken redda av at ein av fedrene sprang opp på rommet og henta sitt eige barberskum. Han ville visst veldig gjerne ha cheesdoodles på nasen=)

_mg_8809.jpg Ostepopp-leken.

Alt i alt, ein veldig kjekk leir! Eg gler meg til Sæthers skal på familieleir med ski og skisko, bleier og pulk, matboks og takboks og 5 soveposar!



He is risen!
april 9, 2007, 7:17 pm
Filed under: Uncategorized

137680175.jpg

I Bibelen min har eg eit stort, raudt hjarte rundt eit vers eg er veldig glad i. Det verset er det eg byggjer livet mitt på. Det er sjølve fundamentet, grunnpilaren i livet mitt. Inni i hjartet står det: «Han er ikkje her, han er oppstanden!» Matt. 28,6.

Det kunne like gjerne stått: Jesus lever!

I Bibelleseplanen vår stod det i går, 1. Påskedag: «Nå er det bare ett sted Jesus ikke er, og det er i graven!»

Halleluja, Jesus lever! I dag!



Det føles så bra..
mars 20, 2007, 1:13 pm
Filed under: Uncategorized

I morgon skal eg på Møre ungdomsskule og ha andakt om det å leve evig. I reklamen for panting, seier Odd Børretzen at flaskene får leve evig. «Skulle ønske det var meg»..

Verdt å tenkje på?

Sjekk ut! 

http://bubblare.no/v/ravi_og_odd_b_rretzen_det_f_les_s_bra/



Me and Becky
mars 20, 2007, 8:28 am
Filed under: Uncategorized

Høyrt denne songen før? Det er Chris Rice som har skrive han og han syng han på cdèn «Run the earth – watch the sky». Ein utruleg bra og treffande tekst. Ho Becky trur eg mange av oss som kallar oss kristne kan kjenne oss igjen i; Me går på møte, fører bønedagbok, syng for maten når me er ute og et på restaurant, me har Bibelen for handa til ei kvar tid, og me har til og med ein Jesus-fisk på bilen! Men er det nok, då? Me lever flotte, feilfrie, gode kristen-liv, men folk går framleis fortapt der ute! Kva gjer me med det? Ta deg tid til å lese teksten, og kjenn etter om det treff deg! «Me and becky» – Deg og Becky?

But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine


 

Me and Becky

Becky has a house on Abundant Live Boulevard
A good name, good family, and butterflies in her yard
Becky loves Jesus and really wants to make Him proud
She tears up in church and she sings her harmonies loud
She’s got a Bible by the bed, a prayer journal, and a fish on her car
She makes sure to bow her head and give thanks in every restaurant
But is that enough?
C’mon Becky, let’s go for a ride
If I’m driving too fast then I apologize
But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine
Looks like a reckless road, and a sacrifice
And I’m crazy scared it may cost our lives
But then I remember Jesus died
So c’mon Becky
Let’s go for a ride
I’m rolling up to Becky’s house on my Sunday drive
I have to laugh to myself ’cause it looks exactly like mine
I smile and wave at all the happy people strolling by
We’ve got the same walk, same talk, and the same sparkle in our eyes
«Cause we’re thankful for the blessings, but maybe we could lay ’em aside
I get a feeling we might be missin» the time of our lives
So hop in and hold on tight
C’mon Becky, let’s go for a ride
If I’m driving too fast then I apologize
But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine
Looks like a reckless road, and a sacrifice
And I’m crazy scared it may cost our lives
But then I remember Jesus died
So c’mon Becky
Let’s go for a ride
«Cause we’re thankful for the blessings, but maybe we could lay ’em aside?
I get a feeling we might be heading for the time of our lives
So hop in and hold on tight
C’mon Becky, let’s go for a ride
If I’m driving too fast then I apologize
But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine
Looks like a reckless road, and a sacrifice
And I’m crazy scared it may cost our lives
But then I remember Jesus died
So c’mon Becky
Let’s go for a ride



Å kor rik eg er!
mars 18, 2007, 6:28 pm
Filed under: Uncategorized

Long time – no see! Tenkte det var på tide at eg òg la att nokre ord her=) Då må eg òg nytte meg av høve til å seie at no er det eg som er åleine heime, slik at de ikkje skal tru at det alltid er Rune som vert sitjande åleine=) Rune-min har vore i Ørje i helga, og sunge med 5 Staute. Dei har visst hatt ei flott helg, ein fyldigare rapport følgjer sikkert.

Eg har vore på Barnehage-leir denne helga. Oi, oi, oi kor kjekt det var! 22 småtroll på 5 år, den eine meir sjarmerande enn den andre! Eg òg vil!! =) Men gjerne ikkje 22 på 5 då..  Høgdepunktet på leiren var at alle fekk gratis inngong på konsert med Bjarte Leithaug. Fantastisk! Han held det gåande han, som han gjorde då eg var lita=) Eit anna høgdepunkt var at eg kunne leggje meg klokka 2200!! Det var heilt fantastisk å sleppe å snike rundt hushjørnene og leite etter tenåringar med hormoner på villtur til langt på natt! Kan ikkje hugse kva tid eg la meg klokka 22 sist.. Må opplevast!

bhg-leir07-052-small.jpg 

Er dei ikkje søte vel??

Fredag kveld hadde eg den beste opplevinga på lenge! Då var eg på Misund for første gong. Misund er vel eigentleg tre øyer ute i havgapet ein plass, utanfor Aukra og Molde? De Romsdalingar, hjelp meg! Eg er ikkje heilt sikker, men eg fant iallefall fram, og fekk besøkje Misund for første gong på mine tre år i krinsen. På Misund var eg saman med 5 nydelege jenter i 8. og 9. klasse. Me såg klipp frå «Pay it forward» og snakka om kor viktig det er å gje vidare det evangeliet me har fått del i, og kor stor kjærleik han elska oss med, han som sette livet til for oss. Så kosa med oss med is og nonstop, og mima med modell-kitt. Eg fekk sagt noko om kor heldige dei er som har ei bibelgruppe å gå i når dei går på ungdomsskulen, at eg skulle ønske eg hadde hatt det då eg var like gamal som dei. Håpar at nokre av dei fekk noko å tenkje på, og at dei alle slår følgje med Jesus vidare. Det var ikkje lett å vere 15 år i 1999, men eg trur det er mykje verre no.

bhg-leir07-012-small.jpg

Helga mi starta eigentleg torsdag, då var eg heime med fam. Hans Bergane i Solemdal. Der vart eg betre kjent med Hans og Aud Irene, Hans Andreas og Kristoffer, Ruth Elise og Sara, mormor og Tico. Kor herleg det var å kome inn i ein heim! Ikkje det at eg ikkje meiner at Rune og eg har ein heim, men me har liksom ikkje fått så mange golvtepper på stovegolva og bileter på veggene endå. Ikkje så mange par sko og jakkar og huer og kle i gongen heller=) Det var ei stor oppleving å sitje 8 stk rundt bordet og ete mormor sine heimelaga kjøtkaker med heimelaga kålstuing. Så flink skal eg òg bli ein gong! Den store latteren i Solemdal var då Tico, fam. Bergane sin kongepuddel,  vart så betatt av meg at han «prøvde» seg på meg, slik berre han-hundar kan gjere, heile kvelden. Kanskje det ikkje var så rart at den stakkar kongepuddelen tok feil, ein kan jo ikkje sjå vekk ifrå at me har visse fellestrekk=)  

bhg-leir07-005-small.jpg

Sara og eg blei gode vener! Eg gler meg til påska, då skal me på leir saman!

Overskrifta er henta frå Sigvard Engeset sin «Å kor rik eg er». Slik kjenner eg det, sjølv om mars månad er den månaden då ALT skjer i misjonen, og dagane går i ett. Eg har jammen fått vore med på mykje. Kairos-helg med ungdomane våre i krinskoret, Krasp, der heile koret song for berre meg fordi eg skal slutte, (grein gry då? Ja!), barnemøteveke i Ørsta, lagsbesøk og leir. Det er stort å få vere med i misjonen! I dag fekk eg lov å ha andakt på avslutningsmøte på barnehageleiren. 22 ungar med minst to foreldre og eit par små eller større søsken var tilstades. Kor mange av dei lever saman med Jesus? Ikkje veit eg, men eg trur nok at dei færraste gjer det. Kor stort det var å få fortelje dei om den bortkomne sonen, som rota seg vekk og floka til livet sitt. Kor godt det er at på same måte som faren venta han heim, så ventar Far vår på oss, at me skal kome og gjere opp for syndene våre. Då er det ikkje noko anna han heller vil enn å tilgje oss og gje oss nye klede! «Dersom vi sannar syndene våre er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.» 1. Joh. 1,9

the-prodigal-son-small.jpg

 Har du vurdert å arbeide i misjonen? Ikkje?                   



DIKT I VEI!
mars 9, 2007, 8:56 pm
Filed under: Uncategorized

             Tre små afrikanere på en gitarstreng…..                           _mg_7984hjkg.jpg

Har døpt om den orginale tittelen til » Tre små kinesere på Hebron-plass, satt og spilte på en kontradass» (sorry: BASS!)
Ukens oppgave her på bloggen vår blir da:
Dikt resten av verset selv til det nye billednavnet 🙂

Tre små afrikanere på en gitarstreng……………………..

Jeg gleder meg!                        Hilsen Rune (som prøver å aktivere både meg selv og dere)



Vinterferie
februar 23, 2007, 12:46 pm
Filed under: Uncategorized

_mg_74009.jpgKveldstur ved Mjøsa

Da er vi midt i en herlig ferie. Desverre går dagene aaaaaaaaaaaalt for fort. Vi startet ferien med å dra til Hamar for å besøke Ole Kristian og Marte (Sameien). Vi kombinerte besøket med noen visninger på hus og jobbintervju, så dagene på Hamar var vgodt utnyttet. Største nedtur for meg var nå å tape i bowling for Ole, men når han får hele 236 poeng, så får det så være. Gratulerer Ole! På fredag tok Gry seg ei Oslo-helg sammenmed si kjære venninde Heidi (Ringstad) Takk til Heidi og Marianne (Årskog) som tok så godt vare på mi kjære Gry 🙂 Hørte hun hadde hatt det bra. Jeg for min del var med på noe helt vanvittig kult. Jeg var på WORLD-RALLEY i Hamar. Svenni, Hallvard, Marte, OleK og jeg kjøpte oss dagspass og durte i ren Solberg-stil fra etappe til etappe. Gleder meg til neste ralley allerede 🙂

_mg_7149089.jpgHenning Solberg i farta.

Onsdag tok vi en Oslo-tur før vi skulle hjemigjen på torsdag. Søster til Gry bor i Oslo, så overnatting var i boks. Takk til deg Audhild som tok oss inn på kort varsel. Vi tok oss en tur til slottet også i går ettermiddag. Vi visste at Kong Harald hadde 70 årsdag, men ikke at deler av feiringen skulle skje på slottsplassen. Den kom vi midt oppi og vi fikk «konge»plasser. 2 meter fra De Kongelige.  

img_7503112cs.jpgHarald og Sonja koste seg i kulden.

Nå har vi nettopp vasket hele kåken vår fordi mamma, pappa og broder Thorbjørn skal komme. Det ser ut til å bli litt forandring i planene pga sykdom, men Gry og jeg skal nok kose oss alikevel vi. God bedring mamma!! Dere slipper ikke unna oss i påsken. Da kommer vi til Surnadal.

Ha en fin dag alle sammen!! Hilsen Gry og Rune