Til Sæthers


Ali Baba og de 40 røverene…
februar 1, 2007, 9:25 pm
Lagra i: Uncategorized

Ali Baba hadde nok litt av ein jobb med å halde styr på sine 40 røvarar. Og eg hadde litt av ein jobb med å halde styr på 48 born på leir forrige helg!! Heldigvis var eg ikkje åleine heller, her var mange gode leiarar med på laget!

No har eg alltid drøymt om å få mange ungar, og Fiestaen skal så definitivt bytast ut med ein sjuseter med tid og stunder. Men 48 ungar?? Nei, det skal eg aldri ha! Iallefalll ikkje om vinteren! Ho, ho, det var born og klede og vintersko og huer og vottar over alt!

Men kjekt? Åja! Spesielt når eg treff igjen ei lita tuppe eg veit vart kjend med Jesus på ei Barnemøte-veke me hadde då eg var eittåring her i krinsen. Då dei andre jentene på rommet var redde for vinden som herja og bles utanfor vindauga, seier ho så lett og ledig: – Men Jesus passar på oss no òg! Kor herleg det er med mjuke barnehjarte si enkle tru på Jesus!

Om du ikkje har vore leiar på leir før, må du melde deg som frivillig med ein gong! Dette er M I S J O N med store bokstavar! På avslutningsmøte var det full sal. Skal tru kor mange av desse foreldra, besteforeldra og søskena som var kristne? Dei var iallefall sultne på å få høyre om Jesus, for det var heilt stilt under andakta.



No Comments Yet så langt
Kommenter innlegget



Kommenter innlegget
Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>