Til Sæthers


Vestborg Cup 2007 er historie…
februar 7, 2007, 4:06 pm
Lagra i: Uncategorized

vestborg-cup07-065-custom-2.jpg 

Så er det heile over.. Det gjekk bra! Sjøv om det starta med 113 og sjukebil fredag kveld. Då var eg ikkje høg i hatten, nei! (Det var ikkje meg det smalt for, altså! Eg har lagt opp den der farlege fotballen) Litt rart at det heile er over. Eg har kikka i boka mi, og me hadde altså det første møte for komiteen i VB-cup 4. oktober. Sidan ca ei veke før der igjen har VB-cup låge meir eller mindre lett tilgjengeleg i bakhovudet. Det er VELDIG rart at det heile er over. Skjønt, heilt over er det no ikkje. No er det evaluering og evaluering og evaluering og eva.. =)

Kjedeleg? Då skal du få høyre noko meir kjekt! Me hadde ei super helg! Lars Stensland preika om tilgjeving, brannalarmen gjekk når han hadde EI setning igjen, Lars Olav “Tufte” Karlsen skreiv autografar og små-flørta med jentene, Rune-min og eg la oss 0200 og stod opp att 0630. (God treining til me blir småbarnsforledre) og eg har spela fotball på saman med 3 kjendisar på ein gong!! 1: Lars Olav “Tufte” Karlsen  2: Lars Stensland 3: Charlotte Lade .Om du ikkje veit kven ho er, så hugsar du sikkert den Nike-reklama der dei driv og triksa og triksa i sånn Street-football. Jepp, ho er den lyse jenta som er berre heilt rååå til å trikse.

Elles i helga har Lars lært oss at Gud ikkje gjer forskjell på folk, og at det heiter “kypp” og ikkje “cøp”. Iallefall på Karmøy.

Takk til deg som var med å ba!


No Comments Yet så langt
Kommenter innlegget



Kommenter innlegget
Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>