Til Sæthers


Det føles så bra..
mars 20, 2007, 1:13 pm
Lagra i: Uncategorized

I morgon skal eg på Møre ungdomsskule og ha andakt om det å leve evig. I reklamen for panting, seier Odd Børretzen at flaskene får leve evig. “Skulle ønske det var meg”..

Verdt å tenkje på?

Sjekk ut! 

http://bubblare.no/v/ravi_og_odd_b_rretzen_det_f_les_s_bra/



Me and Becky
mars 20, 2007, 8:28 am
Lagra i: Uncategorized

Høyrt denne songen før? Det er Chris Rice som har skrive han og han syng han på cdèn “Run the earth – watch the sky”. Ein utruleg bra og treffande tekst. Ho Becky trur eg mange av oss som kallar oss kristne kan kjenne oss igjen i; Me går på møte, fører bønedagbok, syng for maten når me er ute og et på restaurant, me har Bibelen for handa til ei kvar tid, og me har til og med ein Jesus-fisk på bilen! Men er det nok, då? Me lever flotte, feilfrie, gode kristen-liv, men folk går framleis fortapt der ute! Kva gjer me med det? Ta deg tid til å lese teksten, og kjenn etter om det treff deg! ”Me and becky” – Deg og Becky?

But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine


 

Me and Becky

Becky has a house on Abundant Live Boulevard
A good name, good family, and butterflies in her yard
Becky loves Jesus and really wants to make Him proud
She tears up in church and she sings her harmonies loud
She’s got a Bible by the bed, a prayer journal, and a fish on her car
She makes sure to bow her head and give thanks in every restaurant
But is that enough?
C’mon Becky, let’s go for a ride
If I’m driving too fast then I apologize
But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine
Looks like a reckless road, and a sacrifice
And I’m crazy scared it may cost our lives
But then I remember Jesus died
So c’mon Becky
Let’s go for a ride
I’m rolling up to Becky’s house on my Sunday drive
I have to laugh to myself ’cause it looks exactly like mine
I smile and wave at all the happy people strolling by
We’ve got the same walk, same talk, and the same sparkle in our eyes
‘Cause we’re thankful for the blessings, but maybe we could lay ‘em aside
I get a feeling we might be missin’ the time of our lives
So hop in and hold on tight
C’mon Becky, let’s go for a ride
If I’m driving too fast then I apologize
But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine
Looks like a reckless road, and a sacrifice
And I’m crazy scared it may cost our lives
But then I remember Jesus died
So c’mon Becky
Let’s go for a ride
‘Cause we’re thankful for the blessings, but maybe we could lay ‘em aside?
I get a feeling we might be heading for the time of our lives
So hop in and hold on tight
C’mon Becky, let’s go for a ride
If I’m driving too fast then I apologize
But there’s a world out there that we left behind
Full of souls as important as yours and mine
Looks like a reckless road, and a sacrifice
And I’m crazy scared it may cost our lives
But then I remember Jesus died
So c’mon Becky
Let’s go for a ride



Å kor rik eg er!
mars 18, 2007, 6:28 pm
Lagra i: Uncategorized

Long time – no see! Tenkte det var på tide at eg òg la att nokre ord her=) Då må eg òg nytte meg av høve til å seie at no er det eg som er åleine heime, slik at de ikkje skal tru at det alltid er Rune som vert sitjande åleine=) Rune-min har vore i Ørje i helga, og sunge med 5 Staute. Dei har visst hatt ei flott helg, ein fyldigare rapport følgjer sikkert.

Eg har vore på Barnehage-leir denne helga. Oi, oi, oi kor kjekt det var! 22 småtroll på 5 år, den eine meir sjarmerande enn den andre! Eg òg vil!! =) Men gjerne ikkje 22 på 5 då..  Høgdepunktet på leiren var at alle fekk gratis inngong på konsert med Bjarte Leithaug. Fantastisk! Han held det gåande han, som han gjorde då eg var lita=) Eit anna høgdepunkt var at eg kunne leggje meg klokka 2200!! Det var heilt fantastisk å sleppe å snike rundt hushjørnene og leite etter tenåringar med hormoner på villtur til langt på natt! Kan ikkje hugse kva tid eg la meg klokka 22 sist.. Må opplevast!

bhg-leir07-052-small.jpg 

Er dei ikkje søte vel??

Fredag kveld hadde eg den beste opplevinga på lenge! Då var eg på Misund for første gong. Misund er vel eigentleg tre øyer ute i havgapet ein plass, utanfor Aukra og Molde? De Romsdalingar, hjelp meg! Eg er ikkje heilt sikker, men eg fant iallefall fram, og fekk besøkje Misund for første gong på mine tre år i krinsen. På Misund var eg saman med 5 nydelege jenter i 8. og 9. klasse. Me såg klipp frå “Pay it forward” og snakka om kor viktig det er å gje vidare det evangeliet me har fått del i, og kor stor kjærleik han elska oss med, han som sette livet til for oss. Så kosa med oss med is og nonstop, og mima med modell-kitt. Eg fekk sagt noko om kor heldige dei er som har ei bibelgruppe å gå i når dei går på ungdomsskulen, at eg skulle ønske eg hadde hatt det då eg var like gamal som dei. Håpar at nokre av dei fekk noko å tenkje på, og at dei alle slår følgje med Jesus vidare. Det var ikkje lett å vere 15 år i 1999, men eg trur det er mykje verre no.

bhg-leir07-012-small.jpg

Helga mi starta eigentleg torsdag, då var eg heime med fam. Hans Bergane i Solemdal. Der vart eg betre kjent med Hans og Aud Irene, Hans Andreas og Kristoffer, Ruth Elise og Sara, mormor og Tico. Kor herleg det var å kome inn i ein heim! Ikkje det at eg ikkje meiner at Rune og eg har ein heim, men me har liksom ikkje fått så mange golvtepper på stovegolva og bileter på veggene endå. Ikkje så mange par sko og jakkar og huer og kle i gongen heller=) Det var ei stor oppleving å sitje 8 stk rundt bordet og ete mormor sine heimelaga kjøtkaker med heimelaga kålstuing. Så flink skal eg òg bli ein gong! Den store latteren i Solemdal var då Tico, fam. Bergane sin kongepuddel,  vart så betatt av meg at han “prøvde” seg på meg, slik berre han-hundar kan gjere, heile kvelden. Kanskje det ikkje var så rart at den stakkar kongepuddelen tok feil, ein kan jo ikkje sjå vekk ifrå at me har visse fellestrekk=)  

bhg-leir07-005-small.jpg

Sara og eg blei gode vener! Eg gler meg til påska, då skal me på leir saman!

Overskrifta er henta frå Sigvard Engeset sin “Å kor rik eg er”. Slik kjenner eg det, sjølv om mars månad er den månaden då ALT skjer i misjonen, og dagane går i ett. Eg har jammen fått vore med på mykje. Kairos-helg med ungdomane våre i krinskoret, Krasp, der heile koret song for berre meg fordi eg skal slutte, (grein gry då? Ja!), barnemøteveke i Ørsta, lagsbesøk og leir. Det er stort å få vere med i misjonen! I dag fekk eg lov å ha andakt på avslutningsmøte på barnehageleiren. 22 ungar med minst to foreldre og eit par små eller større søsken var tilstades. Kor mange av dei lever saman med Jesus? Ikkje veit eg, men eg trur nok at dei færraste gjer det. Kor stort det var å få fortelje dei om den bortkomne sonen, som rota seg vekk og floka til livet sitt. Kor godt det er at på same måte som faren venta han heim, så ventar Far vår på oss, at me skal kome og gjere opp for syndene våre. Då er det ikkje noko anna han heller vil enn å tilgje oss og gje oss nye klede! “Dersom vi sannar syndene våre er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.” 1. Joh. 1,9

the-prodigal-son-small.jpg

 Har du vurdert å arbeide i misjonen? Ikkje?                   



DIKT I VEI!
mars 9, 2007, 8:56 pm
Lagra i: Uncategorized

             Tre små afrikanere på en gitarstreng…..                           _mg_7984hjkg.jpg

Har døpt om den orginale tittelen til ” Tre små kinesere på Hebron-plass, satt og spilte på en kontradass” (sorry: BASS!)
Ukens oppgave her på bloggen vår blir da:
Dikt resten av verset selv til det nye billednavnet :)

Tre små afrikanere på en gitarstreng……………………..

Jeg gleder meg!                        Hilsen Rune (som prøver å aktivere både meg selv og dere)