Til Sæthers


Å kor rik eg er!
mars 18, 2007, 6:28 pm
Lagra i: Uncategorized

Long time – no see! Tenkte det var på tide at eg òg la att nokre ord her=) Då må eg òg nytte meg av høve til å seie at no er det eg som er åleine heime, slik at de ikkje skal tru at det alltid er Rune som vert sitjande åleine=) Rune-min har vore i Ørje i helga, og sunge med 5 Staute. Dei har visst hatt ei flott helg, ein fyldigare rapport følgjer sikkert.

Eg har vore på Barnehage-leir denne helga. Oi, oi, oi kor kjekt det var! 22 småtroll på 5 år, den eine meir sjarmerande enn den andre! Eg òg vil!! =) Men gjerne ikkje 22 på 5 då..  Høgdepunktet på leiren var at alle fekk gratis inngong på konsert med Bjarte Leithaug. Fantastisk! Han held det gåande han, som han gjorde då eg var lita=) Eit anna høgdepunkt var at eg kunne leggje meg klokka 2200!! Det var heilt fantastisk å sleppe å snike rundt hushjørnene og leite etter tenåringar med hormoner på villtur til langt på natt! Kan ikkje hugse kva tid eg la meg klokka 22 sist.. Må opplevast!

bhg-leir07-052-small.jpg 

Er dei ikkje søte vel??

Fredag kveld hadde eg den beste opplevinga på lenge! Då var eg på Misund for første gong. Misund er vel eigentleg tre øyer ute i havgapet ein plass, utanfor Aukra og Molde? De Romsdalingar, hjelp meg! Eg er ikkje heilt sikker, men eg fant iallefall fram, og fekk besøkje Misund for første gong på mine tre år i krinsen. På Misund var eg saman med 5 nydelege jenter i 8. og 9. klasse. Me såg klipp frå “Pay it forward” og snakka om kor viktig det er å gje vidare det evangeliet me har fått del i, og kor stor kjærleik han elska oss med, han som sette livet til for oss. Så kosa med oss med is og nonstop, og mima med modell-kitt. Eg fekk sagt noko om kor heldige dei er som har ei bibelgruppe å gå i når dei går på ungdomsskulen, at eg skulle ønske eg hadde hatt det då eg var like gamal som dei. Håpar at nokre av dei fekk noko å tenkje på, og at dei alle slår følgje med Jesus vidare. Det var ikkje lett å vere 15 år i 1999, men eg trur det er mykje verre no.

bhg-leir07-012-small.jpg

Helga mi starta eigentleg torsdag, då var eg heime med fam. Hans Bergane i Solemdal. Der vart eg betre kjent med Hans og Aud Irene, Hans Andreas og Kristoffer, Ruth Elise og Sara, mormor og Tico. Kor herleg det var å kome inn i ein heim! Ikkje det at eg ikkje meiner at Rune og eg har ein heim, men me har liksom ikkje fått så mange golvtepper på stovegolva og bileter på veggene endå. Ikkje så mange par sko og jakkar og huer og kle i gongen heller=) Det var ei stor oppleving å sitje 8 stk rundt bordet og ete mormor sine heimelaga kjøtkaker med heimelaga kålstuing. Så flink skal eg òg bli ein gong! Den store latteren i Solemdal var då Tico, fam. Bergane sin kongepuddel,  vart så betatt av meg at han “prøvde” seg på meg, slik berre han-hundar kan gjere, heile kvelden. Kanskje det ikkje var så rart at den stakkar kongepuddelen tok feil, ein kan jo ikkje sjå vekk ifrå at me har visse fellestrekk=)  

bhg-leir07-005-small.jpg

Sara og eg blei gode vener! Eg gler meg til påska, då skal me på leir saman!

Overskrifta er henta frå Sigvard Engeset sin “Å kor rik eg er”. Slik kjenner eg det, sjølv om mars månad er den månaden då ALT skjer i misjonen, og dagane går i ett. Eg har jammen fått vore med på mykje. Kairos-helg med ungdomane våre i krinskoret, Krasp, der heile koret song for berre meg fordi eg skal slutte, (grein gry då? Ja!), barnemøteveke i Ørsta, lagsbesøk og leir. Det er stort å få vere med i misjonen! I dag fekk eg lov å ha andakt på avslutningsmøte på barnehageleiren. 22 ungar med minst to foreldre og eit par små eller større søsken var tilstades. Kor mange av dei lever saman med Jesus? Ikkje veit eg, men eg trur nok at dei færraste gjer det. Kor stort det var å få fortelje dei om den bortkomne sonen, som rota seg vekk og floka til livet sitt. Kor godt det er at på same måte som faren venta han heim, så ventar Far vår på oss, at me skal kome og gjere opp for syndene våre. Då er det ikkje noko anna han heller vil enn å tilgje oss og gje oss nye klede! “Dersom vi sannar syndene våre er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.” 1. Joh. 1,9

the-prodigal-son-small.jpg

 Har du vurdert å arbeide i misjonen? Ikkje?                   


Éin kommentar så langt
Kommenter innlegget

Hei Gry. Måtte berre kommetera overskriftå til dette innlegget. Huske du på Lundeneset, eller russakoret dokkas. Såd her ein dag å tenkte på d der, eg som 1 klassing spelte piano for russakoret. Hmm
Hilsa ettåringane

Comment av Jan Egil Reime




Kommenter innlegget
Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>