Til Sæthers


Rune-min 32 år!
april 20, 2007, 7:08 am
Lagra i: Uncategorized

                                               img_70641-custom.jpg  

                                        Min kjære Rune har bursdag i dag, 20. april!

(Same dag som Hitler, om du ikkje visste det, men ingen samanlikning her;)

I dag var eg oppe før 0645 for å lage frukost til Rune. Han fekk frukost, pakke og levande lys på senga=) I fjor var Rune i Bergen på bursdagen sin, og eg var i Ålesund, så då var det litt vanskeleg å lage dagen spesiell. Difor måtte eg ta i litt skikkeleg i år!

Rune får kanskje det største bursdagsselskapet sitt nokon gong, for me reiser på Kairos i dag, øvingshelg med Krinsungdomskoret vårt. Det blir gøy!

Elles tjuvstarta me litt i går, med bursdagsselskap i heimen vår. Me feira saman med Maria og Arve og Marianne og Hallvard. Det var veldig koseleg å feire saman med gode vener!

Eg spurde Rune kva kake han ville ha, og då sa han sjølvsagt MARSIPANKAKE!! Det har eg aldri laga før, men sidan eg er så ivrig på å vere ei god husmor og supermamma, så måtte eg no berre prøve. Så eg har kjevla marsipan og piska krem, og til og med dunka botnen i melk, for det skal ein visst gjere! Men botnen kjøpte eg på bakeri=) (Rune sa eg fekk lov til det) Nemnde eg at eg laga sjokoladekake òg? Berre i tilfelle marsipankaka ikkje vart god…

 0608111124_torgersencdcover1.jpg 

Om du lurar på kva ein skal gje ein gut/mann i sin beste alder, så kan eg gje deg eit tips! Ein kveld Rune og eg var heime åleine, kosa me oss med utdrag frå ein konsert i Utstein Kloster. Det var Kjell Inge Torgersen som framførte kjente STING-låtar på nynorsk, og det var berre heilt fantastisk fint! Nydeleg poesi! Heldigvis er songane òg å få tak i på cd, så no har Rune fått dei som ei kjærleikserklæring frå meg=) (+ meir brukarvenlege ting, som eit par boxerar og lommebok=) Ekteskapet er ikkje berre forelsking og rosa skyer, men tøff kvardag!

Her følgjer eit knippe bilete av pusen min. Rune; du er ein fantastisk mann å vere gift med! Eg gledar meg over kvar ny dag saman med deg! Takk for at eg får vere di!

img_7239-custom.jpg Rune-min på fjelltur i Kvinnherad

gry-og-rune-166-custom.jpg På ein av mange bilturar langs Vestlandet, Kvinnherad/Bergen – Ålesund

ymse-053-custom.jpg Vår nye heim i Ålesund. Det første som må opp er TV og anlegg. Eg tenkte no meir på at me måtte ha noko å ete på og med, osv. Men der tenker visst menn og kvinner ulikt.. =)

 ymse-151-custom.jpg Rune blir ALLTID teken opp når ein skal ha nokon med på ein leik eller til å vise noko. Her er det Grete Martinsen som brukar Rune til å vere den sjuke mannen ved Betesda-dammen. Frå Misjonssalen i november.

gry-sitt-kamera-106-custom.jpg Julefest i Misjonssalen.

bilde-122-custom.jpg  Frå dagen i vårt liv. Du og eg, Rune=)



Vår påske
april 9, 2007, 7:45 pm
Lagra i: Uncategorized

Så var påska over.. Tida går så fort, og no kjem ho berre til å gå endå fortare, for no kan me ikkje seie “det er ikkje før etter påske” lenger.. Snart er tida vår på Sunnmøre over! For denne gong=)

_mg_8479.jpg Fam. Sæther på skitur.

Me har hatt ei utruleg fin påske! Palmehelga hadde eg fri, så då pakka me Fiestaen og køyrde nordover til Surnadalen. Jada, ein får plass til to par ski og ei skuffekake i ein Fiesta! I Surnadalen koste me oss med sviger/foreldre, søsken og nevøen vår Martin! Eg fekk innvia dei nye skia mine òg, det var stas! Elles gjekk det meste av tida med til å spele Setlers! Eg vann! Twice!

_mg_8454.jpg Tante Gry og Martin.

Resten av påska har me vore på Familieleir på Vestborg! Me har hatt nokre utruleg fine dagar, frå Skjærtorsdag til 1.Påskedag. Det er mi tredje påske på Stranda, og denne leiren blir berre betre og betre! Rune og eg hadde andaktar, leia samlingar og arrangerte ski-konkurransar og tråkka løyper. Elles fekk me øve oss på foreldrerolla på mange måtar. Rune brukte nok mest tid på å knipse bilete av smårollingane, medan eg fekk prøve meg på mating og trøsting og bæring. Ein får eit ganske godt innblikk i korleis det er å vere småbarnsforeldre når ein vaknar til skriking før 0800 om morgenane og får overvære tre måltid/mating om dagen. Men ingen skal seie at me ikkje kosa oss med dei små! Eg fekk iallefall mange nye vener på Familieleir!

_mg_87960.jpg Leif Gunnar med sin lille solstråle.

Eitt av høgdepunkta på leiren var då Rune og eg skulle leie leirkvelden laurdag kveld. Eg reiser mykje på leir, og eg brukar som oftast alltid å vere leirsjef. Når eg lagar ansvarsfordelinga er det første eg gjer å gje ansvaret for leirkvelden til nokre andre. Det er det verste eg gjer, å lage sketsjar og leikar og prøve å vere morosam. Men Rune er ein av dei eg brukar å gje ei slik oppgåve vidare til, så eg tenkte at det skulle no gå greitt å ha ei slik oppgåve. Og når ein ikkje er leirsjef sjølv, så må ein jo berre ta dei oppgåvene ein får. Det morosame var jo at eg hadde skrive opp programmet i BOKA mi. (Viktig med god notatbok for ein som er perfeksjonist. Der er alt skrive med blyant, slik at eg kan viske ut om det vart feil!) Eg hadde skrive opp leikane me skulle ha, kven som skulle vere med og kva me trong til kva leik. Rune hadde nok ikkje tenkt så mykje på denne leirkvelden i det heile tatt, slikt kan ein vel ta som det kjem?? Me skulle ha ein leik der nokre jenter skulle få kaste cheesdoodles i ansiktet på faren sin. Rune skulle spraye barberskum i ansiktet på fedrene, og så var det om og gjere for jentene å få flest mogleg doodles til å henge igjen i fjeset. Alt låg til rette for ein morosam leik. Det var berre det at då Rune skulle spraye Øystein Engås i fjeset, så kom det ikkje noko skum, berre godluktane spray. Jepp, Gry hadde kjøpt aftershave deodorant, og ikkje barberskum.. Ikkje lett for meg å vite korleis barberskum ser ut vel?? Heldigvis vart leiken redda av at ein av fedrene sprang opp på rommet og henta sitt eige barberskum. Han ville visst veldig gjerne ha cheesdoodles på nasen=)

_mg_8809.jpg Ostepopp-leken.

Alt i alt, ein veldig kjekk leir! Eg gler meg til Sæthers skal på familieleir med ski og skisko, bleier og pulk, matboks og takboks og 5 soveposar!



He is risen!
april 9, 2007, 7:17 pm
Lagra i: Uncategorized

137680175.jpg

I Bibelen min har eg eit stort, raudt hjarte rundt eit vers eg er veldig glad i. Det verset er det eg byggjer livet mitt på. Det er sjølve fundamentet, grunnpilaren i livet mitt. Inni i hjartet står det: “Han er ikkje her, han er oppstanden!” Matt. 28,6.

Det kunne like gjerne stått: Jesus lever!

I Bibelleseplanen vår stod det i går, 1. Påskedag: “Nå er det bare ett sted Jesus ikke er, og det er i graven!”

Halleluja, Jesus lever! I dag!