Til Sæthers


Vår påske
april 9, 2007, 7:45 pm
Lagra i: Uncategorized

Så var påska over.. Tida går så fort, og no kjem ho berre til å gå endå fortare, for no kan me ikkje seie “det er ikkje før etter påske” lenger.. Snart er tida vår på Sunnmøre over! For denne gong=)

_mg_8479.jpg Fam. Sæther på skitur.

Me har hatt ei utruleg fin påske! Palmehelga hadde eg fri, så då pakka me Fiestaen og køyrde nordover til Surnadalen. Jada, ein får plass til to par ski og ei skuffekake i ein Fiesta! I Surnadalen koste me oss med sviger/foreldre, søsken og nevøen vår Martin! Eg fekk innvia dei nye skia mine òg, det var stas! Elles gjekk det meste av tida med til å spele Setlers! Eg vann! Twice!

_mg_8454.jpg Tante Gry og Martin.

Resten av påska har me vore på Familieleir på Vestborg! Me har hatt nokre utruleg fine dagar, frå Skjærtorsdag til 1.Påskedag. Det er mi tredje påske på Stranda, og denne leiren blir berre betre og betre! Rune og eg hadde andaktar, leia samlingar og arrangerte ski-konkurransar og tråkka løyper. Elles fekk me øve oss på foreldrerolla på mange måtar. Rune brukte nok mest tid på å knipse bilete av smårollingane, medan eg fekk prøve meg på mating og trøsting og bæring. Ein får eit ganske godt innblikk i korleis det er å vere småbarnsforeldre når ein vaknar til skriking før 0800 om morgenane og får overvære tre måltid/mating om dagen. Men ingen skal seie at me ikkje kosa oss med dei små! Eg fekk iallefall mange nye vener på Familieleir!

_mg_87960.jpg Leif Gunnar med sin lille solstråle.

Eitt av høgdepunkta på leiren var då Rune og eg skulle leie leirkvelden laurdag kveld. Eg reiser mykje på leir, og eg brukar som oftast alltid å vere leirsjef. Når eg lagar ansvarsfordelinga er det første eg gjer å gje ansvaret for leirkvelden til nokre andre. Det er det verste eg gjer, å lage sketsjar og leikar og prøve å vere morosam. Men Rune er ein av dei eg brukar å gje ei slik oppgåve vidare til, så eg tenkte at det skulle no gå greitt å ha ei slik oppgåve. Og når ein ikkje er leirsjef sjølv, så må ein jo berre ta dei oppgåvene ein får. Det morosame var jo at eg hadde skrive opp programmet i BOKA mi. (Viktig med god notatbok for ein som er perfeksjonist. Der er alt skrive med blyant, slik at eg kan viske ut om det vart feil!) Eg hadde skrive opp leikane me skulle ha, kven som skulle vere med og kva me trong til kva leik. Rune hadde nok ikkje tenkt så mykje på denne leirkvelden i det heile tatt, slikt kan ein vel ta som det kjem?? Me skulle ha ein leik der nokre jenter skulle få kaste cheesdoodles i ansiktet på faren sin. Rune skulle spraye barberskum i ansiktet på fedrene, og så var det om og gjere for jentene å få flest mogleg doodles til å henge igjen i fjeset. Alt låg til rette for ein morosam leik. Det var berre det at då Rune skulle spraye Øystein Engås i fjeset, så kom det ikkje noko skum, berre godluktane spray. Jepp, Gry hadde kjøpt aftershave deodorant, og ikkje barberskum.. Ikkje lett for meg å vite korleis barberskum ser ut vel?? Heldigvis vart leiken redda av at ein av fedrene sprang opp på rommet og henta sitt eige barberskum. Han ville visst veldig gjerne ha cheesdoodles på nasen=)

_mg_8809.jpg Ostepopp-leken.

Alt i alt, ein veldig kjekk leir! Eg gler meg til Sæthers skal på familieleir med ski og skisko, bleier og pulk, matboks og takboks og 5 soveposar!


2 kommentarar så langt
Kommenter innlegget

Kjempekoselig lesning!
Når familiene Sæther kommer på familieleir med 5 soveposer, da vil jeg også være med på familieleir igjen. Da kan jeg være “bestemor”….

Comment av Mainy

hehe! det var en artig leir ja, selv om jeg godt kunne klart meg uten skrikende unger før klokka 8… menmen.. skulle vel opp uansett! gleder meg til å se dere som foreldre en gang i tiden!

Comment av Karoline




Kommenter innlegget
Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>