Lagra i: Uncategorized
Min kjære Rune har bursdag i dag, 20. april!
(Same dag som Hitler, om du ikkje visste det, men ingen samanlikning her;)
I dag var eg oppe før 0645 for å lage frukost til Rune. Han fekk frukost, pakke og levande lys på senga=) I fjor var Rune i Bergen på bursdagen sin, og eg var i Ålesund, så då var det litt vanskeleg å lage dagen spesiell. Difor måtte eg ta i litt skikkeleg i år!
Rune får kanskje det største bursdagsselskapet sitt nokon gong, for me reiser på Kairos i dag, øvingshelg med Krinsungdomskoret vårt. Det blir gøy!
Elles tjuvstarta me litt i går, med bursdagsselskap i heimen vår. Me feira saman med Maria og Arve og Marianne og Hallvard. Det var veldig koseleg å feire saman med gode vener!
Eg spurde Rune kva kake han ville ha, og då sa han sjølvsagt MARSIPANKAKE!! Det har eg aldri laga før, men sidan eg er så ivrig på å vere ei god husmor og supermamma, så måtte eg no berre prøve. Så eg har kjevla marsipan og piska krem, og til og med dunka botnen i melk, for det skal ein visst gjere! Men botnen kjøpte eg på bakeri=) (Rune sa eg fekk lov til det) Nemnde eg at eg laga sjokoladekake òg? Berre i tilfelle marsipankaka ikkje vart god…
Om du lurar på kva ein skal gje ein gut/mann i sin beste alder, så kan eg gje deg eit tips! Ein kveld Rune og eg var heime åleine, kosa me oss med utdrag frå ein konsert i Utstein Kloster. Det var Kjell Inge Torgersen som framførte kjente STING-låtar på nynorsk, og det var berre heilt fantastisk fint! Nydeleg poesi! Heldigvis er songane òg å få tak i på cd, så no har Rune fått dei som ei kjærleikserklæring frå meg=) (+ meir brukarvenlege ting, som eit par boxerar og lommebok=) Ekteskapet er ikkje berre forelsking og rosa skyer, men tøff kvardag!
Her følgjer eit knippe bilete av pusen min. Rune; du er ein fantastisk mann å vere gift med! Eg gledar meg over kvar ny dag saman med deg! Takk for at eg får vere di!
Rune-min på fjelltur i Kvinnherad
På ein av mange bilturar langs Vestlandet, Kvinnherad/Bergen – Ålesund
Vår nye heim i Ålesund. Det første som må opp er TV og anlegg. Eg tenkte no meir på at me måtte ha noko å ete på og med, osv. Men der tenker visst menn og kvinner ulikt.. =)
Rune blir ALLTID teken opp når ein skal ha nokon med på ein leik eller til å vise noko. Her er det Grete Martinsen som brukar Rune til å vere den sjuke mannen ved Betesda-dammen. Frå Misjonssalen i november.
4 kommentarar så langt
Kommenter innlegget
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>



Gratulera me dagen!
Comment av Birgitte april 20, 2007 @ 9:43 amGratulera me dagen, Gratulera me dagen, Gratulera me dagen Rune…. Gratulera me dagen… håpa du har ein flotte dag!!!
Comment av Hanne april 20, 2007 @ 10:24 amHalloen.
Comment av Lilly april 20, 2007 @ 5:09 pmGratulerer med dagen Rune.
Håper du får ein flott dag, blir nok det når du har ei slik super kjerring.
Kos dokke.
Klem frå Lilly
grattis med overstått…prøvde å stemme på bilda på photosight…men d gikk ikkje..bare fotoklubb medlemmer kunne stemme stod der..å e har vel gjerne ikkje blitt det enda siden e ikkje har lagt inn bilder enda!
Comment av Sveinarild april 24, 2007 @ 10:20 am