Til Sæthers


Ut på tur
mai 7, 2007, 11:27 am
Lagra i: Uncategorized

Rune-min og eg har starta noko nytt: “Gry og Rune Sæther talar og syng på møte”. (Lurar du på kven som gjer kva? Ikkje eg..) 1. mai skulle eg på basar i Sylte i Vanylven, og sidan Rune hadde fri, såg eg moglegheita for ein rundtur på Søre Sunnmøre. Det som var ekstra kjekt var at Mainy Os, òg kjent som Ole Os sitt kne, ville bli med på tur. Difor starta me allereie mandag ettermiddag. Me køyrde i nydeleg ettermiddagssol, og me fekk like nydeleg ver heile 1. mai. Me overnatta i barndomsheimen til Ole på Slagnes, så der fekk me bli kjent med far Henning Os og bror Svein Helge. Veldig triveleg! SH blei vår personlege guide då me la ut på tur til Stadlandet 1. mai. Me køyrde att og fram og inn og ut av fjordar og viker på Stad. Gjett kven som alltid hang eit par meter bak? Fotografen vår Rune=) Han hadde ein topp dag i fin-veret, og no har han fått mange fine bilete å leggje ut på Photosight. Følg med, følg med!  

april-07-037-custom.jpg

Nydelege Hoddevik, òg kjent som kjent surfe-paradis utan mobildekning.

april-07-035-custom.jpg

Når ingen andre vil ta bilete av oss, så må me gjere det sjølve=)

april-07-036-custom.jpg

Her hadde Mainy og eg oss ein foto session! Welcome to Hoddevik!

april-07-040-custom.jpg

I går var radar-paret Sæther på tur igjen. Då skulle eg tale på Misjonssalen i Molde, og Rune blei spurt om å synge. Det var eit veldig kjekt møte, og ein fiin dag! Me fekk nemleg ein skikkeleg helaften på andre sida av Molde-fjorden! Me starta kl 1100 få Ålesund for å rekkje middag med familien Lindseth i Malmefjorden kl 1300. Der fekk me nydeleg hjortesteik, og me koste oss i selskapet med Jon Arne og Anne, Ane Marta, Ole Johannes og Sigrid Lise. Ole Johannes er ihuga 5 Staute-fan, så det var nok stort å få ein av dei staute på besøk i si eiga stove=)

Me rakk såvidt vårt eiga møte kl 1700, (ouh, det gjekk bra!), og etter møte vart me med heim til Tante Bodil og Onkel Kjell i Nordbyen. Der fekk me ekte kveldsmat med nybakt brød (så flink skal eg òg bli ein gong), og me fekk helse på Russe-Thomas og Tante Inger Marie som kom frå Surnadalen. Me kom mette og gode heim etter ein lang og innhaldsrik dag i Molde. Eg hadde nok ein liten klump i halsen, for dette var nok siste gong eg var på den sida av fjorden i jobbsamanheng, og det synes eg er litt trist. Men, men, me gler oss til nye oppgåver på Hamar med tid og stunder=) Takk til Fam. Lindseth og Tante Bodil og Onkel Kjell for god mat og godt stell i dei gode heimane dykkar! Me fekk treffe nokre gode førebilete i går=)

mai07-029-custom.jpg

Familien Lindseth: Farfar, pappa Jon Arne, mamma Anne, Ane Marta, Ole Johannes og Sigrid Lise.

mai07-030-custom.jpg

Sigrid Lise og eg er gode vener!

mai07-033-custom.jpg

I Malmefjorden fann eg nokon som ville sjå på brylaupsbilda våre, og det syntes eg var veldig kjekt! Sigrid Lise snudde seg kvar gong det kom kysse-bilete, så ho gjekk glipp av ein del=)