Til Sæthers


Ja, me er i live!
juni 21, 2007, 12:22 pm
Lagra i: Uncategorized

… sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut på bloggen vår! Her har vore liten aktivitet i det siste! Ikkje kan eg skulde på Facebook heller, slik eg føler alle andre bloggarar gjer. Det er mykje som skjer/har skjedd i livet Til Sæthers. Her kjem ei lita oppdatering:

- Rune har fått jobb på ein ungdomsskule på Hamar! Det vil seie, litt utanfor Hamar. Han må pendle 1,5 mil kvar veg, men det gjer ingenting sidan

- me har fått ny bil! Me er no lukkelege eigarar av ein metallic blå Renault Laguna 2003 modell. Den har skinnsete, aircondition og cruisecontroll. Det den ikkje har, er nøkkel! I staden skal me putte inn eit kort og trykke på ein knapp. Fancy! Det går nok endå ei tid før mor vil låne bilen vår=)

- Fiestaen, òg kjent som ”Rotta” (Les: Mainy) har fått dødsdomen. (Les: EU-kontroll) På tide med ny annonse på finn.no: “Selges som den står.”

- Me bur i eit flyttelass. Pappesker frå golv til tak i heile leiligheita, og Rune et graut i ein kopp fordi eg har pakka dei djupe tallerkane.

- Me er blitt huseigarar! (Og gjeldslavar med det same…) Tusen takk til alle som har vore med å bedd om at det må ordne seg med hus for oss! Gud ordna det i siste sekund; forrige onsdag. Me er no lukkelege eigarar av halvparten av ein tomannsbolig på Ridabu. Me har eigen terasse, hage, garasje og ripsbærbuskar! Kjøkenet har akkurat same farge som der me leiger no; BONDERAUDT, men no skal det malast! Me kan boltre oss på 115 kvadrat, og då er det på tide med familieforøkning:

- Me skal få oss katt! I salgsmeldinga på huset vårt står det: Dyrehold er tillatt. Eg jubla og Rune sukka. Men dette er opp og vedteke, og Ingebrigt er ankomen i Kvinnherad! Så då er det berre å skaffe ei vanntett eske å ha i nye-bilen til Hamar=)

- Rune har sin siste dag på Møre ungdomsskule i dag, og eg har ein leir att, og så er tida vår på Sunnmøre over. For denne gong. Eg har allereie fått eit oppdrag på kalendaren min i november; Då skal eg ha bibeltimar på Krasp. Sa eg at eg halvvegs inviterte meg sjølv?  

Elles nyt me sommaren på Sunnmøre! Det har gått med nokre pakkar vann-is=) Sei ifrå om de har lagt ferien om Austlandet i sommar, då er de velkomne på kaffi, is og jordbær hjå Sæthers på Ridabu. Og sei endeleg ifrå om du skulle vere interessert i ein Fiesta “slik den står”…

Nyt sommaren, og Guds fred!

ymse-130-custom.jpg Badenumfa Rune drøymer nok om bading på like kvite strender som det var på Kreta. Skal tru.. ?

2-custom.jpg

Me skal nyte ein sommar utan bryllaupsnerver, kakebaking og taleskriving. Men me skal feire eitt års bryllaupsdag 22. juli. Den blir feira på Brandøy saman med dei fine ungdomane i Kairos som er på KUL-turnè. For ei flott ramme på det best i livet mitt! Takk for snaaart eit fantastisk år som kona di, Rune!


8 kommentarar så langt
Kommenter innlegget

heisann…da rune har e endelig lagt ut ett bilde på photosight!

Comment av sveinarild

familieforøkning ja.. morsomt… si fra når det skjer da! dere får ha god tur til hamar, lykke til der, og lykke til videre! håper vi ikke har sett det siste av dere!

Comment av Karoline

Kjekt å tilfeldigvis oppdage bloggen din/dykkar! Den var kosleg, den. Sjølv er eg heime no og flyttar gras frå a til b og jagar kyr rundt omkring.
De får ha ein fin sommar, og lukke til i Hamar.
Me snakkast

Helsing Henrik

Comment av Henrik

okay… då gry va d vell på tide me ein liten oppdatering!?! hehe kossen går d på hamar?? trivest dåkke…. her på lillehammer e alt topp, me får snart bil så då komme me ein tur på besøk….=) kossen går d på skulen?? hape dåkke har d fint…

Comment av hanneferkingstad

Er de..? ;) Eg veit det er vanskeleg å få oppdatert ein blogg når tida flyr av garde og ein har mykje å gjere.. Har de det bra? Kva er kvardagen fyllt av?

Håpar alt står bra til!

Guds fred!

Klem, Kaisa Ruth

Comment av Kaisa Ruth

e dåkk fortsatt i live eller..?
det holde liksom kje at dåkk va i live 21. juni…

Comment av Birgitte

dere er i live? RUNE det er nesten et år siden sist du oppdaterte!!! skjepings!

Comment av Øystein

I dag e de et år å en dag sida forrige innlegg. De va siste gong ej sjekka for å sei de sann :P Get it up and going again!!

Comment av Hanna




Kommenter innlegget
Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>