Til Sæthers


PUDDERALARM PÅ STRANDA!!!
februar 9, 2007, 9:13 pm
Lagra i: Uncategorized

Daniel i bakken

Må bare skrive om en av mine livs opplevelser. Onsdag, på Stranda skjedde det. Det var puddervarsel i laaaaange baner, OG JEG VAR DER!!!!!! Vidunderlig. For en gangs skyld var Møre-ungdomsskule heldig med været på en av våre utflukter, men med en slik dag er alt uvær glemt. Her er en av elevene på snøfjøla si.

Hilsen snøblind entusiast :)



Så er det altså klart..
februar 7, 2007, 4:29 pm
Lagra i: Uncategorized

batleir-2005-088.jpgbatleir-2005-099.jpg

… dette er min nye arvtakar! Anders Egil Straume skal ta over etter meg som BU-sekretær i Sunnmøre og Romsdal krins!! Velkomen Anders!

Skal tru om krinsstyret og Hovedstyret kan reknast som tilregnelege i gjerningsøyeblikket??

Eg skal dukke lengre ned i arkivet Anders. Det kan jo vere eg finn nokre betre bilete av deg ein stad. Me har mykje rart i arkivet her på Krinskontoret.

Velkomen heim Anders, dette blir bra! 



Vestborg Cup 2007 er historie…
februar 7, 2007, 4:06 pm
Lagra i: Uncategorized

vestborg-cup07-065-custom-2.jpg 

Så er det heile over.. Det gjekk bra! Sjøv om det starta med 113 og sjukebil fredag kveld. Då var eg ikkje høg i hatten, nei! (Det var ikkje meg det smalt for, altså! Eg har lagt opp den der farlege fotballen) Litt rart at det heile er over. Eg har kikka i boka mi, og me hadde altså det første møte for komiteen i VB-cup 4. oktober. Sidan ca ei veke før der igjen har VB-cup låge meir eller mindre lett tilgjengeleg i bakhovudet. Det er VELDIG rart at det heile er over. Skjønt, heilt over er det no ikkje. No er det evaluering og evaluering og evaluering og eva.. =)

Kjedeleg? Då skal du få høyre noko meir kjekt! Me hadde ei super helg! Lars Stensland preika om tilgjeving, brannalarmen gjekk når han hadde EI setning igjen, Lars Olav “Tufte” Karlsen skreiv autografar og små-flørta med jentene, Rune-min og eg la oss 0200 og stod opp att 0630. (God treining til me blir småbarnsforledre) og eg har spela fotball på saman med 3 kjendisar på ein gong!! 1: Lars Olav “Tufte” Karlsen  2: Lars Stensland 3: Charlotte Lade .Om du ikkje veit kven ho er, så hugsar du sikkert den Nike-reklama der dei driv og triksa og triksa i sånn Street-football. Jepp, ho er den lyse jenta som er berre heilt rååå til å trikse.

Elles i helga har Lars lært oss at Gud ikkje gjer forskjell på folk, og at det heiter “kypp” og ikkje “cøp”. Iallefall på Karmøy.

Takk til deg som var med å ba!



Utsikten vår
februar 5, 2007, 5:41 pm
Lagra i: Uncategorized

52071_v21.jpg

Må legge ut et bilde fra utsikten i heimen her på sunnmøre. Tok bildet for 14 dager siden. Fin utsikt ja :)

Rune



Hvis du tilfeldigvis…
februar 2, 2007, 12:47 pm
Lagra i: Uncategorized

skulle kikke innom bloggen vår i løpet av helga, kan du veldig gjerne knipe saman hendene og be ei lita bøn for Vestborg-cup! Om det er slikt du brukar å gjere=)

Rune og eg reiser nemleg til Stranda i dag, og skal tilbringe helga saman med 35 lag som har meldt seg på Vestborg-cup og mange, mange andre ungdommar som tek turen innom denne store happeningen på Stranda. Lars Olav “Tufte” Karlsen kjem, triksedronninga Charlotte Lade skal ha ei oppvisning for oss, og Lars Stensland skal halde andaktane.

Følg med, følg med, så skal du få vite korleis det har gått=)

GOD HELG!



Ali Baba og de 40 røverene…
februar 1, 2007, 9:25 pm
Lagra i: Uncategorized

Ali Baba hadde nok litt av ein jobb med å halde styr på sine 40 røvarar. Og eg hadde litt av ein jobb med å halde styr på 48 born på leir forrige helg!! Heldigvis var eg ikkje åleine heller, her var mange gode leiarar med på laget!

No har eg alltid drøymt om å få mange ungar, og Fiestaen skal så definitivt bytast ut med ein sjuseter med tid og stunder. Men 48 ungar?? Nei, det skal eg aldri ha! Iallefalll ikkje om vinteren! Ho, ho, det var born og klede og vintersko og huer og vottar over alt!

Men kjekt? Åja! Spesielt når eg treff igjen ei lita tuppe eg veit vart kjend med Jesus på ei Barnemøte-veke me hadde då eg var eittåring her i krinsen. Då dei andre jentene på rommet var redde for vinden som herja og bles utanfor vindauga, seier ho så lett og ledig: – Men Jesus passar på oss no òg! Kor herleg det er med mjuke barnehjarte si enkle tru på Jesus!

Om du ikkje har vore leiar på leir før, må du melde deg som frivillig med ein gong! Dette er M I S J O N med store bokstavar! På avslutningsmøte var det full sal. Skal tru kor mange av desse foreldra, besteforeldra og søskena som var kristne? Dei var iallefall sultne på å få høyre om Jesus, for det var heilt stilt under andakta.



God søndag!
januar 28, 2007, 11:37 am
Lagra i: Uncategorized

The ShepperdGod søndag!

Tenkte jeg måtte skrive noen ord. Gry er på jobb som vanlig og jeg forsov meg til møte i dag. Det er ikke ofte jeg sover så lenge :) Derfor må vi få med oss et vers fra Boka:

Gi så skal det bli gitt dere! Et godt mål, stappet,ristet og overfylt, skal det bli gitt dere i fanget! For med det samme mål som dere har målt med, skal det måles igjen til dere.          ( Luk. 6,38)

Bildet tok jeg  på Finnøy i fjor sommer. Det er onkelen til Gry som er THE SHEPPERD på dette bildet, så må hilse til Oddmund for flott motiv.

Ha en velsignet dag alle sammen! Hilsen Rune  



Det snør, det snør…
januar 24, 2007, 9:19 pm
Lagra i: Uncategorized

Eg har vore på forretningsreise=) til Oslo i dag. Til mi store øverrassking har me meir snø i Ålesund enn i Oslo!! Her har Fiestaen vår snø opp til navlen snart, det er jammen ikkje lett å kome seg fram for kortvokste! Mykje positivt kan seiast om all denne snøen. Det beste er kanskje at den aukar aktiviteten på bønnelivet mitt betrakteleg! Eg kan ikkje anna enn å be til Jesus når eg skal over Stranda-fjellet i ein liten silde-boks som er så smal at han glir ut av hjulspora til større bilar. Men evangeliet har hast, og fram må ein!



Gifteplanar?
januar 24, 2007, 9:15 pm
Lagra i: Uncategorized

Sukk.. No er det gjort.. Eg har lagt ut brudekjolen min på finn.no. Uff, det var inga lett avgjerding å ta, men eg trur den brudekjolen gjer seg betre som pengar på konto enn støvsamlar i skapet. Kroner og øre kan kome godt med, no når me har begynt å kikke på hus og heim på Hamar.

Hmm, kanskje eg skulle skrive “Nydeleg brudekjole i byte mot nyopp-pussa leiligheit på Hamar? Skal tru..

Uansett, om du har gifteplanar i næraste framtid, eller veit om nokon som ikkje har funne draumekjolen endå: Her er redninga! Ein fantastisk fin kjole, om eg skal seie det sjølv=) Og du, om eg hadde vore overtruisk, så hadde eg sagt at han bringe lykke=)

 Ta ein kikk?

http://www.finn.no/finn/bap/object?finnkode=9238424&sid=8aw-kWL9_233524&pos=3&tot=1252



ENDELEG!!!
januar 20, 2007, 11:23 pm
Lagra i: Uncategorized

Det tok si tid, og me måtte kome inn i 2007, men no er me i gong! Fam.Sæther har fått sin eigen blogg! Eg synes no det heile er ein stor vits, for kva tid skal vel me få tid til å oppdatere bloggen vår?? Eg ventar i spenning! Kan hende dette vil gå veldig bra? Me lever iallefall to rike liv, så her er nok å skrive om=)

I kveld har eg vore i Gjerdsvika. For dykk som ikkje er lokalkjende på fagre Sunnmøre, så er det ei lita bygd langt uti Herøy. Forbi Herøy faktisk? Eg har vore på møte med Vestborg-russen. Dei har vore på turnè, og eg har vore med som forkynnar. Seks møte på rappen, slå den! Det har vore ei minnerik og god veke, stor oppleving for eit ungt Jesus-hjarte! Takk for laget, de som var på gruppa mi!

No er det avslapping heime i sofaen i Rune sin genser=)