Til Sæthers


Ja, me er i live!
juni 21, 2007, 12:22 pm
Filed under: Uncategorized

… sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut på bloggen vår! Her har vore liten aktivitet i det siste! Ikkje kan eg skulde på Facebook heller, slik eg føler alle andre bloggarar gjer. Det er mykje som skjer/har skjedd i livet Til Sæthers. Her kjem ei lita oppdatering:

– Rune har fått jobb på ein ungdomsskule på Hamar! Det vil seie, litt utanfor Hamar. Han må pendle 1,5 mil kvar veg, men det gjer ingenting sidan

– me har fått ny bil! Me er no lukkelege eigarar av ein metallic blå Renault Laguna 2003 modell. Den har skinnsete, aircondition og cruisecontroll. Det den ikkje har, er nøkkel! I staden skal me putte inn eit kort og trykke på ein knapp. Fancy! Det går nok endå ei tid før mor vil låne bilen vår=)

– Fiestaen, òg kjent som «Rotta» (Les: Mainy) har fått dødsdomen. (Les: EU-kontroll) På tide med ny annonse på finn.no: «Selges som den står.»

– Me bur i eit flyttelass. Pappesker frå golv til tak i heile leiligheita, og Rune et graut i ein kopp fordi eg har pakka dei djupe tallerkane.

– Me er blitt huseigarar! (Og gjeldslavar med det same…) Tusen takk til alle som har vore med å bedd om at det må ordne seg med hus for oss! Gud ordna det i siste sekund; forrige onsdag. Me er no lukkelege eigarar av halvparten av ein tomannsbolig på Ridabu. Me har eigen terasse, hage, garasje og ripsbærbuskar! Kjøkenet har akkurat same farge som der me leiger no; BONDERAUDT, men no skal det malast! Me kan boltre oss på 115 kvadrat, og då er det på tide med familieforøkning:

– Me skal få oss katt! I salgsmeldinga på huset vårt står det: Dyrehold er tillatt. Eg jubla og Rune sukka. Men dette er opp og vedteke, og Ingebrigt er ankomen i Kvinnherad! Så då er det berre å skaffe ei vanntett eske å ha i nye-bilen til Hamar=)

– Rune har sin siste dag på Møre ungdomsskule i dag, og eg har ein leir att, og så er tida vår på Sunnmøre over. For denne gong. Eg har allereie fått eit oppdrag på kalendaren min i november; Då skal eg ha bibeltimar på Krasp. Sa eg at eg halvvegs inviterte meg sjølv?  

Elles nyt me sommaren på Sunnmøre! Det har gått med nokre pakkar vann-is=) Sei ifrå om de har lagt ferien om Austlandet i sommar, då er de velkomne på kaffi, is og jordbær hjå Sæthers på Ridabu. Og sei endeleg ifrå om du skulle vere interessert i ein Fiesta «slik den står»…

Nyt sommaren, og Guds fred!

ymse-130-custom.jpg Badenumfa Rune drøymer nok om bading på like kvite strender som det var på Kreta. Skal tru.. ?

2-custom.jpg

Me skal nyte ein sommar utan bryllaupsnerver, kakebaking og taleskriving. Men me skal feire eitt års bryllaupsdag 22. juli. Den blir feira på Brandøy saman med dei fine ungdomane i Kairos som er på KUL-turnè. For ei flott ramme på det best i livet mitt! Takk for snaaart eit fantastisk år som kona di, Rune!